Awa United er ein ideell organisasjon starta av vener av Awa Rahimpour, for å arbeida for at Awa Rahimpour
og dei 22 andre iranske kvinnene som lever i uvisse i Noreg skal få varig opphald.
Awa United arbeider for å informera om den umoglege situasjonen til 23 iranske kvinner
som oppheld seg i Noreg. Desse 23 kvinnene er i Noreg utan opphaldsløyve, og utan moglegheit å returnera til Iran.
Signer Oppropet
Awa United ber den norske staten om å offisielt anerkjenna forverringa av rettane til kvinner i Iran, og at desse 23 iranske kvinnene som i dag oppheld seg i Noreg treng vern og må innvilgast varig opphald i Noreg.
Vi ber om di støtte til oppropet «Ja til at Awa Rahimpour og dei 22 andre iranske kvinnene skal få varig opphald i Noreg.» Gje din signatur her.
Awa Rahimpour er ei 28 år gamal kvinne frå Iran som flykta frå heimlandet sitt i 2019. Ho hadde då fleire gonger blitt arrestert av moralpolitiet og hadde opplevd trakassering frå lærarar, menn på gata, og politi – og til og med av slektningar. «Då eg nekta å adlyda så kunne dei banka meg opp - utan at nokon greip inn», fortel Awa.
Awa seier ho har vorte undertrykt og trakassert heile livet sitt. Ho vart tvungen til å vera stille, skjult og alltid under streng kontroll. Ho kunne aldri fritt vera seg sjølv. Ho kunne ikkje gå ut åleine, på vanleg offentlege plassar som butikken, på kafé, eller på biblioteket – utan å bli trakassert. Ein mann frå familien må alltid følgje kvinner ute i offentleg rom. Ein far, bror, onkel, ektemann.
Awa blei fleire gongar stoppa av moralpolitiet. Somme gongar på gata, andre gongar ved inngangen til universitetet. Ved fleire høve arresterte dei ho, og ho blei tvinga til å signera papir på at ho skulle bæra hijaben riktig. Moralpolitiet tok bilde av ho og registrerte ho som ein kriminell. I tillegg til å vera kvinne er Awa og kurdar – noko som førte til ytterlegare diskriminering. Dei sa ting som: Du er ei hore. Du har ein dårleg familie som ikkje kontrollerer deg. Alt dårleg som skjer med deg, er din eigen feil.
Den psykiske påkjenninga det var å alltid vita at moralpolitiet overvaka ho var grusam. Den minste feil kunne få ho fengsla. At ein viste ei stripe av handleddet er nok, eller at hijaben ikkje sit rett. Ho visste aldri kva type person som stoppa ho. Enkelte kunne vera veldig strenge
«Då eg var sju år lærte me på skulen at om me ikkje følgde dei strenge kleskodane på rett måte så skulle Gud henga oss frå håret og hella brennande væske i munnen vår. På universitetet hadde eg ein lærar som var forelska i meg. Han stod framfor klassen og snakka om kor flott eg var og at han var så glad for at eg var i klassen hans. Når oppgåver skulle leverast så kravde han at eg skulle koma på kontoret med dei sjølv om alle andre fekk levera på epost. Han ville eg skulle bli elskerinna hans, sjølv om han var gift. Då eg nekta, gav han meg dårlegaste karakter i faget.»
Iranske kvinner kan utdanna seg. Awa har ein bachelor i industriell design. Men det er svært vanskeleg kvinner å få eller ha ein jobb. «Det var ikkje mogleg for meg som kvinne i Iran», seier Awa. «Dei iranske styresmaktene meiner kvinner skal halda seg heime, få barn, laga mat og vaska».
Rahimpour fortel om mange episodar med trakassering, og minnest ei hending der ein gut handsama henne dårleg.
«Eg vart redd og la på sprang. Det hendte midt på gata føre mange folk. Eg støtte på ein politimann og fortalde han at eg vart plaga av denne guten, men tenestemannen gav meg til svar at det var mi skuld, ettersom eg ikkje burde gå ute åleine. Han spurde meg om kor far min og mannen min var. Vedkommande skulle tilsynelatande vera den tryggaste personen eg kunne oppsøkja. Eg forstod snart at det ikkje fanst tryggleik for meg som kvinne i heimlandet», fortel ho.
“«Valet stod mellom å bli verande og døy innvortes eller å rømma. Det vart augneblinken då eg valde å reisa og å gå min eigen veg i livet.»”
Kvinners rettigheiter i Iran
Amnesty International har skulda Iran for å ta livet av demonstrantar som krev rettferdighiet for Amini (Kjelde: NTB/ Amnesty International) Amnesty åtvarar om at enda fleire risikerer å verte arrestert eller drepe om det ikkje kjem ein tydeleg reaksjon frå verdssamfunnet. Ifylgje statleg iransk TV er minst 41 menneske drepe i samanstøyt mellom demonstrantar og sikkerheitsstyrkar, medan nyheitsbyrået Fars har rapportert at minst 60 er drepe. Andre kjelder hevdar at talet er enda høgare. Minst 1500 menneske skal være arresterte.
Amnesty international si årsrapport for 2021 viser blant anna at:
Myndigheitene undertrykker retten til ytrings- og forsamlingsfridom,
Menneske som gjer uttrykk for å være ueinige med myndigheitene vert fengsla
Mange vert utsett for tortur og anna vald, som pisking, amputasjonar og andre nedverdigande straffer.
Myndigheitene diskriminerer og utøvar vald basert på kjønn, politisk mening, religiøs tru, etnisitet, seksuell legning, kjønnsidentitet og funksjonshemming.
Iran sitt moralpoliti går langt for å kontrollera kvinner og jenter, og slår hardt ned på "feil" bruk av hovudplagg og andre klesplagg.
Hundrevis har vorte avretta, nokre gonger i full offentlegheit. Også personar som var under 18 år da dei utførte brotsverk, vert dømd til døden.
(kjelde: https://amnesty.no/iran)
Denne hausten har vi sett ein rekkje solidaritetsmarkeringar og demonstrasjonar her i Noreg og internasjonalt, til støtte for kvinner i Iran - for å krevje rettferdigheit for drapet på kurdiske Jina (Mahsa) Amini og motstand mot valden mot Iranske demonstrantar. Bakgrunnen er at 16. september 2022 døydde den 22 år gamle kurdiske kvinna Mahsa Amini det iranske moralpolitiet si varetekt. Amini døydde tre dagar etter at hun vart stoppa på gata, etter seiande fordi dei meinte at ho ikkje dekka til håret sitt godt nok. Ifylgje augnevitne vart ho banka opp av politiet. I tida etter har rasande iranarar demonstrert mot regimet i Teheran og i fleire andre byar. Demonstrantane er møtt med brutal maktbruk frå sikkerheitsstyrkanes side. (Kjelde: NTB)
Dei siste vekers hendingar syner kor farleg det er for kvinner i Iran som ikkje følger gjeldande reglar frå styresmaktene.
I norske mottak i dag bur det 16 kvinner, som har rømt frå tvangsekteskap eller andre «moralforbrytingar» i Iran. Nokre av dei har vore i årevis - opptil 20 år for enkelte! Dei har alle fått avslag på sine søknadar om å få bli i Noreg.
Vi har no sett reaksjonar frå det offentlege Norge på forverringa av situasjonen i Iran, men førebels lite konkret handling som endrar den fastlåste situasjonen for dei 16 iranske kvinnene som oppheld seg i Noreg utan opphaldsløyve og utan mogelegheit til å trygt returnere til Iran.
Norges statsminister Jonas Gahr Støre uttrykte bekymring for kvinners rettigheiter i Iran.
«Min dypeste medfølelse med Mahsa Aminis familie i Iran og hennes slektninger i Norge. Jeg er svært bekymret for kvinners rettigheter i Iran og fordømmer iranske myndigheters brutale håndhevelse av hijab-påbudet. Vold og undertrykkelse må opphøre og ytringsfriheten respekteres.»
(kjelde: 24.9.2022 innlegg på twitter, også omtalt i media)
Den norske stortingspresident Masud Gharahkhani, som sjølv er frå Iran, har òg reagert sterkt på nyheiten om at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i det iranske politiet si varetekt;
– «Jeg kommer til å fortsette å stå opp for demokrati, frihet og menneskerettigheter. De menneskene som er i Iran drømmer om litt av den friheten vi har i mitt land, Norge. Det de blir møtt med er kuler og vold. Jeg kommer til å fortsette å gi dem en stemme, seier Gharahkhani til NRK.»…
«Jeg står opp for menneskerettigheter og demokrati. Og det jeg sa i mitt intervju er at en god leder dreper ikke sitt eget folk. En god leder slår ikke sin søster og bror. Og at Iran bør bygge på frihet og demokrati. Det er det unge mennesker i gatene nå kjemper for, svarer Gharahkhani til NRK.»
Dødsfallet til Mahsa Amini, og dei store demonstrasjonane i Iran og internasjonale solidaritetsmarkeringan, har løfta medvitet om tilstanden for kvinner og menneskerettar i Iran opp i den internasjonale merksemda - heilt opp til FN nivå – der i et uformelt møte i sikkerheitsrådet i FN, Noreg gav full støtte til krava frå dei Iranske og internasjonale demonstrantane om at det iranske regimet skal respektere menneskerettigheitane. (Kjelde: NRK 7.11.2022)
Awa United ber den norske stat om å offisielt anerkjenna forverringa av kvinners rettar i Iran, og at desse 23 iranske kvinnene som i dag oppheld seg i Noreg treng vern og må innvilgast varig opphald i Noreg.
Vi ber om di støtte til oppropet «Ja til at Awa Rahimour og dei 22 andre iranske kvinnene skal få varig opphald i Noreg.» Gje din signatur:
Omgrep
Kven kan reknast som flyktning?
FNs Flyktningkonvensjon (1951) inneheld ein definisjon av kven som kan reknast som flyktningar. En flyktning er i følge FNs flyktningkonvensjon av 1951 en person som «har flykta frå sitt land og har en velgrunna frykt for forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk overtyding eller medlemskap i ei bestemt sosial gruppe, og som ikkje er i stand til eller på grunn av slik frykt ikkje villig til å visa til seg sitt lands vern». Flytningkonvensjonen seier at alle menneske har rett til å søke vern i et anna land, og at flyktningar ikkje kan returnerast til et land der de vil bli forfølgt.
(kjelde: https://www.fn.no/om-fn/avtaler/flyktninger/flyktningkonvensjonen )
Flyktningkonvensjonen forpliktar ikkje statar til å ta imot flyktningar, men hjelper dei å definere kven som skal reknast som ein flyktning. Derfor er det opp til kvar enkelt stat å vurdere om ein asylsøkjar går inn under definisjonen i flyktningkonvensjonen, og dermed har krav på vern.
I den nye utlendingslova som trådde i kraft 1. januar 2010 skal dei som definerast som flyktningar etter Flyktningkonvensjonen få status som flyktning, samt dei som står i fare for å verte utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff ved tilbakevending.
Kven reknast som ‘asylsøkjar’?
Ein «asylsøkjar» er en person som på eigenhand kjem et annet land og som normalt søker om asyl ved innkomst eller kort tid etter innkomst. Retten til å søke asyl er nedfelt i artikkel 14 av Verdsfråsegna om menneskerettigheitene, som seier at «Einkvan har rett til i andre land å søke og ta imot beskyttelse mot forfølging. Personen vert omtalt som «asylsøkjar» fram til søknad om asyl er avgjort.
Eit «asylmottak» er et tilbod fra staten om bustad for asylsøkjarar, mens dei venter på behandling av asylsøknaden. Etter vedtak er det vanlig at søkjaren vert buande endå ein periode i statlege mottak før busetting i ein kommune eller utreise. Bebuarar i statlige mottak får hjelp til det mest nødvendige av mat og kler, og de har ulike plikter og tilbod.
Mottaka skal være eit mest mogleg normalt bustad for personar i en unormal livssituasjon. Dei helder nøktern standard og er fortrinnsvis basert på sjølvhushald. I dei siste åra har ein òg oppretta såkalla «ventemottak», som er et tilbod til de som har fått endeleg avslag på søknad om asyl, men som av ulike grunner ikkje kan reise tilbake til sine heimland.
Opphald på humanitært grunnlag
Opphald på humanitært grunnlag er en løyve som gis asylsøkjar som ikkje blir rekna som flyktning, men likevel ikkje blir rekna som å ha behov for vern, for eksempel på grunn av humanitære forhold ved retur. Regelendringane i den nye utlendingslova inneber at dei som risikera visse alvorlege menneskerettigheitsbrot som tortur, umenneskeleg og nedverdigande behandling, også reknast som flyktningar. Eit opphaldsløyve på humanitært grunnlag er normalt gyldig for eit år av gangen og blir fornye årleg. Etter tre år innvilgast normalt eit permanent opphaldsløyve. Myndigheitene vil automatisk vurdere ein person opp mot denne føresegna der en person får avslag på søknad om asyl.
Noreg-Iran
Det eksisterer ikkje en utleveringsavtale mellom Norge og Iran.
Det er 16 iranske kvinner i Norge i dag, som har flykta frå Iran til Norge, men som ikke har fått innvilga opphald. lever i dag i limbo. Dette er en uønskt situasjon for disse kvinnene der de er fastlåst mellom et land de ikke kan returnere til, og et land som ikkje vil ta de i mot.
«Non-refoulment»
«Non-refoulment» er et viktig omgrep i folkeretten som betyr vern mot utsending. Det vil sei at ein person ikkje kan sendast tilbake til et område der vedkommande står i reell fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff – eller for å bli sendt videre til et slikt område. (kjelde: Flyktningehjelpen.no)