Utan Land

Ein kort dokumentarfilm av Awa Rahimpour.

Kvart år blir Yemane-dagen markert 8. januar for å minnast Yemane Teferi som døydde denne dagen i 2016 på Bømlo, etter å ha budd 25 år i norske asylmottak som ureturnerbar asylsøkjar. Dagen er ikkje berre tilegna Yemane, men også alle andre ureturnerbare asylsøkjarar som lever i tilsvarande fastlåste situasjonar. To av dei; Awa Rahimpor og Zahra Mahlab som bur på Stord asylmottak, møter i denne filmen. Dei er to av 23 kvinner frå Iran i norske asylmottak som har søkt om vern i Norge, men har fått avslag på søknadane sine. Ved å minnast Yemane med denne filmen, ønsker me å bidra til at alle andre menneske i tilsvarande situasjon ikkje skal bli gløymd. Kan me som samfunn finna betre løysingar som i større grad tar vare på menneskeverdet for dei ureturnerbare asylsøkjarane i landet vårt?

For my sisters