Nytt pr 20.juli 2023
3.juli: Enno ei av kvinnene har fått opphald! Fariba Rashidi har kjempa i 13 år og fekk endeleg medhald i anken sin.
15.juni: Awa søkjer om arbeidsløyve og fekk svar tre veker etter om at ho får å jobba! (Ho jobbar no på REMA 1000)
14.juni: Etter å ha anka saka si har ei av dei 23 iranske kvinnene har fått opphaldsløyve etter 20 års ventetid.
26.mai: Awa Rahimpour får svar på klagen advokaten hennar sende til UNE i desember. I brevet står det at UNE vil behandla saka hennar på nytt og at dei utsette iverksetjing av utkastelse frå Noreg så lenge dei behanda saka hennar. Det betyr også at ho får auka støttepengar frå kr 3000,- til kr 4200,- frå UDI.
Om Awa Rahimpour:
Awa Rahimpour er ei 28 år gamal kvinne frå Iran som flykta frå heimlandet sitt i 2019. Ho hadde då fleire gonger blitt arrestert av moralpolitiet og hadde opplevd trakassering frå ulike folk i ulike posisjonar. Lærarar, menn på gata, politi m.fl.
Awa har søkt opphald i Noreg, men har fått to avslag. Standard tilbod frå den norske stat for at asylsøkarar med endeleg avslag returnerer frivilleg, er 5.000 kroner. Dette var ikkje aktuelt for Awa, og etter tildelt returdato november 2020 oppheld ho seg pr definisjon ulovleg i Noreg. Fordi Noreg og Iran ikkje har utleveringsavtale så kan ho ikkje sendast tilbake, og Awa har slik levd i eit limbo sidan. Ho er i prosess med å anka saka si. Awa er registrert i folkeregisteret, men manglar vesentlege rettar som gjeld for norske statsborgarar.
Denne nettsida viser Awa sin kamp, for seg sjølv, men også for gruppa ho representerer: Einslege asylsøkande kvinner frå midtausten spesielt Iran og Afghanistan. Tal frå UDI viser at talet på asylsøkande kvinner frå Iran 25. desember 2022 er 23, og frå Afghanistan 26.
Rettar:
Awa har ikkje rett til å utdanna seg. Ho har ikkje rett til å jobba. Ho har ikkje rett til å reisa lenger bort enn 1 døgn. (Ho må i tilfelle ha legeerklæring og så søka til UDI om løyve.) Ho har ikkje rett til å gifta seg med Christian som ho er trulova med. Ho har ikkje rett til å røysta ved val, eller ha politiske verv.
Økonomi:
Før Awa fekk det andre avslaget, hadde ho 2600,- utbetalt i månaden frå staten. Ho hadde også skaffa seg jobb.
Etter endeleg avslag er utbetaling frå staten redusert til 2000,- pr månad (før 1. januar 2023), og ho har ikkje lenger lov til å jobba. Ho må også betala sjølv for norskkurs (kr 45,- pr time).
Bruker ein SIFO sin kalkulator for gjennomsnittleg forbruksutgifter for einsleg kvinneleg student 30. september 2022, blir resultat for månadlege utgifter 11.284,- (Bu-utgifter er ikkje med i samanlikningsgrunnlaget)
AwaUnited er ei støttegruppe danna av vener av Awa Rahimpour og har følgande føremål:
• Betra levevilkåra for einslege, kurderer, iranske og afghanske kvinner og andre tilsvarande som fell utanfor eller treng ekstra omsut.
• Jobba for å redusera urettferda mellom menneske som søker tilflukt i Noreg og andre land.
• Støtta målgruppa til få betra levevilkår, utdanning og arbeide.
• Støtta arbeid for å få opphald.
• Nytta dei høva som kjem opp for å presentera og representera denne urettferda.
• Løfta sakene opp på eit politisk nivå.
Jane Jünger
Svein Olav Langåker
Håkon Frode Særstein
Cecilie A Rønhovde
Kjellbjørg Lunde